UiB – Universitetet i Bergen · Bergen
Karakteroversikt
—
Opptakspoeng
54.2
Hovedopptaket 2025 · ordinær kvote
Førstegangsvitnemål: 47.8
Vet du ikke dine? Regn ut poengene →Undervisningsspråk
Norsk
1 år · 60 stp
Samfunnsøkonomi dreiar seg om korleis vi bruker ressursane våre, anten det gjeld naturressursar, arbeidskraft eller produksjonsutstyr.
Vi undersøkjer korleis økonomien eigentleg fungerer, både vår heimlege blandingsøkonomi, dei økonomiske tilhøva i andre land og verdsøkonomien.
Vi analyserer også utsiktene for å kunne auke verdiskapinga og fordele resultatet på ein meir rettferdig måte, kort sagt korleis vi kan gjere verda til ein betre stad å vere!
Samfunnsøkonomien tek opp problemstillingar som strekkjer seg frå samanhengen mellom arbeidsløyse og inflasjon, til kva som ut frå bestemte føresetnader er «rett» billettpris på bussen.
Dette er vanskelege og til dels uoversiktlege problemstillingar som ikkje alltid har klare svar. I faget arbeider vi med metodar som er eigna til å analysere slike problemstillingar og løyse dei så langt det let seg gjere. Gjennom studiet i samfunnsøkonomi lærer du om slike metodar. Du lærer å strukturere problemstillingar for å finne ut kva som er viktig og kva som ikkje er det. Derfor er samfunnsøkonomar ettertrakta arbeidskraft til mange ulike stillingar - i privat næringsliv, offentleg verksemd og i internasjonale organisasjonar. Studiet bygger på eksisterande kurs og kan inngå som første året i en bachelorgrad i samfunnsøkonomi ved UiB.
Beskrivelse fra utdanning.no, lisensiert under NLOD.
Har du studert her?
Del din erfaring og hjelp fremtidige studenter ta riktig valg.
Ingen skriftlige anmeldelser ennå.
Bli den første til å vurdere dette studieprogrammet
Ingen har delt sin erfaring ennå. Vær den første og hjelp fremtidige studenter ta riktig valg.
Søknadsfrister
Opptakspoeng
Kilde: Samordna opptak, hovedopptaket 2025.
Sjekk om du kommer inn
Frister gjelder for norske statsborgere. Internasjonale søkere har egne frister.
Søk via Samordna opptak →