UiB – Universitetet i Bergen · Bergen
Karakteroversikt
—
Opptakspoeng
46.6
Hovedopptaket 2025 · ordinær kvote
Førstegangsvitnemål: 43.5
Vet du ikke dine? Regn ut poengene →Undervisningsspråk
Norsk
3 år · 180 stp
Få samfunnsområde er urørt av mediene si formidling. Mediene inngår i våre daglegliv, dei pregar politikk og samfunnsliv, og inngår i kulturelle og sosiale identitetsprosessar.
Med digitalisering, internett, sosiale medier og stordata har det vakse fram nye kommunikasjons- og samhandlingsformer. Tradisjonelle medieinstitusjonar vert utfordra av nye aktørar, ny teknologi og nye estetiske uttrykk.
Tilgangen til informasjon, underhaldning og kulturelle erfaringar er nær sagt uavgrensa, men mediebruk er likevel prega av sosiale skiljeliner.
Samstundes er strategisk kommunikasjon i sterkare grad blitt ein integrert del av politikk og samfunnsliv, slik at vi som medborgarar og konsumentar kontinuerleg blir utsette for planlagte påverknadsforsøk frå interessegrupper og kommersielle aktørar. I medievitskapen studerer vi medie- og samfunnsutviklinga ved å kombinera sosiologiske og statsvitskaplege perspektiv på mediene med kultur- og tekstanalytiske tradisjonar. Vi studerer korleis det vert skapt nye former for samhandling og maktutøving, når individ, organisasjonar og institusjonar tar i bruk nye kommunikasjonsformer og medieformat. Vi studerer mediene si rolle i offentleg meiningsdanning og demokratiske prosessar, og vi studerer korleis identitetsdanning og deltaking i samfunnslivet vert påverka av mediesamfunnet og mediekulturen. Bachelorprogrammet i medier og kommunikasjon gjev grunnleggjande kunnskap om mediene som institusjonar, om mediebruk og mediene sitt publikum, om mediene som tekstar og estetiske uttrykk, og om strategisk kommunikasjon i mediesamfunnet. Teoriar, metodar og historisk innsikt frå samfunnsvitskap og humaniora vert nytta til å forstå mediene si rolle i dagens samfunn. Undervisninga legg vekt på å kombinera systematiske analyser med praktiske øvingar og studentaktive læringsformer.
Beskrivelse fra utdanning.no, lisensiert under NLOD.
Har du studert her?
Del din erfaring og hjelp fremtidige studenter ta riktig valg.
Ingen skriftlige anmeldelser ennå.
Bli den første til å vurdere dette studieprogrammet
Ingen har delt sin erfaring ennå. Vær den første og hjelp fremtidige studenter ta riktig valg.
Søknadsfrister
Opptakspoeng
Kilde: Samordna opptak, hovedopptaket 2025.
Sjekk om du kommer inn
Frister gjelder for norske statsborgere. Internasjonale søkere har egne frister.
Søk via Samordna opptak →