UiB – Universitetet i Bergen · Bergen
Karakteroversikt
—
Opptakspoeng
Alle kvalifiserte
Alle kvalifiserte søkere fikk plass i 2025
Undervisningsspråk
Norsk
5 år · 300 stp
Lektorutdanning med master i nordisk utgjer eit profesjonsstudium som utdannar lærarar for ungdomstrinnet og for den vidaregåande skulen.
Utdanninga kombinerer solid fagkunnskap i nordisk (fag I) og eitt anna universitetsfag (fag II) med fagdidaktikk, pedagogikk og praksis. Praksis er integrert i studiet i fire av dei fem studieåra.
Studiet gir eit solid grunnlag i dei to studiefaga med vekt på fagleg forståing, problemløysing og forståing for metodar og tenkjemåtar i faga.
Studiet gir dessutan ei grunnleggande forståing av vitskapsfaga og skulefaga i ein samfunnsmessig og kulturell samanheng.
Profesjonsfaget gir grundig kunnskap i fagdidaktikk og pedagogikk og fremjar dugleikar for praktisk yrkesutøving. Studiet av nordisk er delt mellom språk og litteratur. Namnet på faget understrekar eit nordisk perspektiv, men hovudtyngda i studiet ligg på norsk språk og norsk litteratur. Språkstudiet gir innsikt i korleis språket er oppbygd som system, korleis det har utvikla seg historisk, og i dei variantane av skriftmål og talemål vi har i dag. Litteraturstudiet går inn på nordiske litterære tekstar, litteraturhistorie og tekstteori og gir innsikt i sentrale forfattarskapar, ulike sjangrar og kulturhistorie. På høgare nivå er det høve til å spesialisere seg i sjølvvalde faglege emne. I det siste året arbeider ein med masteroppgåva, som er eit sjølvstendig vitskapleg arbeid skrive under rettleiing. Som det andre faget i utdanninga vel ein eitt av faga engelsk, fransk, historie, sosiologi, religionsvitskap, spansk språk og latinamerikastudium eller tysk. Alle desse faga har òg eit fagdidaktisk tilbod tilrettelagt for lektorutdanningsprogrammet.
Beskrivelse fra utdanning.no, lisensiert under NLOD.
Har du studert her?
Del din erfaring og hjelp fremtidige studenter ta riktig valg.
Ingen skriftlige anmeldelser ennå.
Bli den første til å vurdere dette studieprogrammet
Ingen har delt sin erfaring ennå. Vær den første og hjelp fremtidige studenter ta riktig valg.
Søknadsfrister
Opptakspoeng
Alle kvalifiserte søkere fikk tilbud om plass.
Kilde: Samordna opptak, hovedopptaket 2025.
Frister gjelder for norske statsborgere. Internasjonale søkere har egne frister.
Søk via Samordna opptak →