UiB – Universitetet i Bergen · Bergen
Karakteroversikt
—
Opptakspoeng
Lokalt opptak
Søknad direkte til lærestedet
Undervisningsspråk
Norsk
2 år · 120 stp
Disiplinbasert mastergrad i kunsthistorie skal gi grunnleggjande føresetnader for å forstå historiske, kulturelle og sosiale sider ved kunst og visuell kultur.
Hovedfokus er på vestleg kunsthistorie, men studiet løfter også fram institusjonskritiske perspektiv, postkolonialisme, «ny-kunsthistorie», og annan kritisk teori, såvel som kunst som er skapt i og reflekterer over den globale kunstsituasjonen i dag.
Studiet har som mål å gi kandidaten innsikt i biletkunst, arkitektur og visuell kultur i eit breiare perspektiv frå antikken til i dag.
Undervisninga legg ikkje berre vekt på kunsthistoriske monument, men problematiserer også den teoretiske og metodiske tilnærminga til desse. Kva er vilkåra for at noko kan betraktast som kunst i dei ulike historiske periodane? Korleis nærmar vi oss arkitektur i renessansen versus samtidskunsten sin «relasjonelle estetikk»? Studiet tar opp sentrale tema frå faget sin eigen historigrafi, og teoretiske problem knytt til kunsthistorisk forskingspraksis. I arbeidet med masteroppgåva skal studenten, på sjølvstendig vis, nytte vitskaplege arbeidsteknikkar og metodar i faget for å granske eit kunsthistorisk materiale eller eit vitskapleg problem innanfor visuell kultur i vid tyding. Dette opnar også for problemstillingar som inkluderer tverrfagleg samarbeid.
Beskrivelse fra utdanning.no, lisensiert under NLOD.
Har du studert her?
Del din erfaring og hjelp fremtidige studenter ta riktig valg.
Ingen skriftlige anmeldelser ennå.
Bli den første til å vurdere dette studieprogrammet
Ingen har delt sin erfaring ennå. Vær den første og hjelp fremtidige studenter ta riktig valg.
Søknadsfrister
Opptakspoeng
Lokalt opptak. Ingen nasjonal poenggrense. Søknad går direkte til lærestedet.
Frister gjelder for norske statsborgere. Internasjonale søkere har egne frister.
Søk via Samordna opptak →